HESTADGREND JAKT, FISKE OG FRILUFTSLIV

HESTADGREND, EI PERLE I SUNNFJORD.

 

Velkommen til Hestadgrend jakt, fiske og friluftsliv sine sider.

Hestadgrend er ei idyllisk lita bygd i Gaular kommune i Sogn og Fjordane.

Der den ligg, rundt Hestadfjorden, er det gode mogelegheiter for jakt, fiske og friluftsliv. Vi har blant anna ei fin badestrand, som er ypparleg for småbarnsfamiliar. Hestad kapell frå 1805, ligg fint til i landskapsvern området på øyra, som skil Hestadfjorden og Viksdalsvatnet i frå kvarandre.

Det finnast og ein del merka turstiar i skogen og på fjellet. Her har vi blant anna Kjelstad skog- og kultursti, og merka sti til stølen Gjøyvingja.

Korleis finne fram til Hestadgrend?

Ca. 10 km frå E39 ved Sande sentrum, i retning Eldalsosen RV610.Eller ca. 13 km frå Eldalsosen, i retning Sande.

Det tek ca. 30 min å køyre frå Førde. Følg då E39 til Sande. Eller det tek ca. 30 min å køyre frå Vadheim. Følg då E39 til Sande.

Det er ca 20 min frå Førde lufthamn Bringeland.

Vi vil på desse sidene freiste å formidle noko av det som skjer i Hestadgrend, og om kva som finnast av tilbod i grenda.