Aktivitetar/severdigheiter.

(Rasteplassen i botnen, på Kjelstad skog- og kultursti.)
Kjelstad skog og kultursti.
Denne stien går gjennom skog som er rimelig intensivt driven, men det finst framleis restar av svært gamal skog. Vi finn kulturminne som fortel litt om gards- og skogsdrift i gamle dagar. Føremålet med stien er å syne litt av skogen sin verdi, både økonomisk og som naturoppleving. dessutan vil vi gjerne syne at bruk og utnytting av skogen ikkje øydelegg naturen og opplevingsverdien.
Hugs at skogen er ein fornybar ressurs!

(Stien ligg like vest for garden Kjelstad, sjå under siden kart.
Ved parkeringsplassen (post 1) finn du informasjon om stien.)
TURLØYPE TIL GØYVINGJA.
På Gøyvingja (650 moh) ligg stølane til gardane på Hestad (gnr.50.bnr.3-5). Vi har sikre opplysningar om at her var stølsdrift kring 1750, men truleg heilt tilbake til 1500- talet. Turløypa startar ved Hestadgrend bedehus (sjå under Kart) der ein også kan finne eit informasjonsskilt. Fylg vegen mot Vågen nokre hundre meter. Ta gardsvegen opp forbi tunet på "Svoa". Vidare på skogsvegen opp Hestadbakkane til ein kjem inn på stølsvegen. Stien er rydda og merka. Det knyter seg historie til fleire stader stien passerer. Desse er synleggjorde i form av skilting. Når du kjem til Storeset har du lagt bak deg det tyngste av vegen. Midtvegs passerer stien Vågsdalsstølane. Her er det gardane i Vågen som har stølar. Stølshusa på stølane er velhaldne. Til stølsvegen Hestad - Vågsdalen - Gøyvingja knyter det seg rike tradisjonar, og vegen er eit viktig kulturminne for grenda. Lengda på stølsvegen er 10 km og turen tek ca. 3 timar.

(Gjøyvingja.) (Vågsdalen.)
HESTAD KAPELL.

(Hestad kapell frå 1805 slik det står i dag.)
ØYRAKYRKJA
Smålåte, men samtidig fritt, ligg Hestad kapell på Øyra, kjent og kjær for folk i bygda. Øyra ligg mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden, som er ein del av Gaularvassdraget. I dag er det vanleg å nytte (kapellet) om kyrkja, men eldre folk kallar ho (Øyrakyrkja). Enkel og ærleg i form og uttrykk både ute og inne, har Hestad kapell ein sterk appell til menneske også i dag.
Segna seier at det stod ei kyrkje på Øyra alt på 1100 -talet. Av dei ommattbrukte bygningsdelane i kapellet, veit vi at dette må ha vore ei stavkyrkje. I skriftlege kjelder er ho først nemnd i paveleg rekneskap frå 1327. Der er ho omtala som (Capella de herstadum), medan ho i Bergen Kalvskinn frå ca. 1350 vert kalla (Hedinstada kirkia). Ho var då ei av fem kyrkjer i det nåverande prestegjeldet, og sto ikkje tilbake for dei andre når det gjaldt inntekter. 250 år seinare, i biskopen si jordbok frå 1598, er (Hestad Kircke) soknekyrkje for øvste del av soknet.
DEN NYE LAFTEKYRKJA.
I 1805 vart stavkyrkja riven og ei ny laftekyrkje oppbygd, delvis på restane av den gamle bygningen. Før 1864, då kyrkja etter ein stormskade fekk den utsjåande ho har i dag, var tårnet brattare og tekt med spon. Kring 1912 overtok fortidsminne- foreininga Hestad kapell. Med overtakinga forplikta foreininga seg til å stå for vedlikehaldet, samstundes som bygdefolket fekk behalde bruksretten. Hestad kapell vert i dag nytta til gudstenester, barnedåp, bryllaup og gravferder.
I 1971 vart det vedteke å opprette eit landskapsvernområde på 35 dekar kring kapellet. Landskapsvernområdet vart oppretta for å verne om særeigne kulturhistoriske og naturkvalitetar på landtunga.
DET ER OMVISNING I KAPELLET I JULI MÅNAD.
HESTADFJORDEN RUNDT PÅ SYKKEL.
Det er svært mange som syklar rundt Hestadfjorden. Dette er ein fin tur med mange natur- og kulturopplevingar undervegs. Mellom desse er Eikelandsfossen, gamle kvernhus, Nedre strand gamle gard og Hestad kapell.
Dette er ein lett sykkeltur på 13 km, som passar for alle.

(Det er lett og kjenne suget når man står og ser ned i Eikelandsfossen.) (Nedrestrand gamle gard)
EIKELANDSFOSSEN.

(Det er et mektig skue og stå å sjå på vatnet som stuper
utfor kanten, og samtidig kjenne vass drevet i ansiktet.)
Eikelansfossen er ein av dei største fossane i Gaularvassdraget, med fall høgde på 15 meter. Og gjennomsnittleg vassføring i Juli månad på 75 m3/sek og i Januar 16 m3/sek.
Eikelandsfossen ligg i enden på Hestadfjorden og er godt merka frå vegen, det er også laga ein parkeringsplass med sti ned til fossen. Gaularvassdraget vart varig verna i 1993,etter mange års strid.
BADEPLASSAR.
(Ingenting er vel som ein svalande dukkert på ein varm dag.)
Ved Hestadfjorden er det mange fine badeplassar (særlig på Øyra ved kapellet).
_____________________________________________________________________________________________________________________________________________
AUREFISKEFEST I SUNNFJORD.
(Frå aurefiskefesten i Hestadgrend i år 2004.) (Frå aurefiskefesten, grilling av aure.)
Aurefiskefesten vert arrangert i August
Det vert fiska i 5 vatn over fire dagar: Jølstravatnet, Haukedalsvatnet, Viksdalsvatnet, Hestadfjorden og Movatnet. Hovudpremien for den største auren er kr. 10.000.- blanke kroner, dette har blitt eit populært arrangement med 348 deltakarar i 2004.
I Hestadgrend har vi laga eit lite arrangement rundt aurefiskefesten med grilling av aure (aure +tilbehør) som vi seljer, og det vert og seld kaffi, vaflar, brus, is og diverse godteri. Og for dei som ikkje er med og fisker så har vi badestranda rett på andre sida av vegen, vi har hatt riding på hest, konsert i det gamle kapellet på Øyra. Bare for og nemne noko, for og sjå fult program for aurefiskefesten sjå på www.sunnfjord.no